
Pakkereiser – All inclusive
På norsk tyder det at alt er inkludert, men er det verkeleg slik? Og kva er eigentleg ei pakkereise?
Pakkereiser er populært som aldri før. I den siste tida er ”all-inclusive”- konseptet blitt populært. På norsk tyder det at
alt er inkludert, men er det verkeleg slik? Og kva er eigentleg ei pakkereise? Forbrukar Europa gir deg råd og rettleiing.
- Som pakkereiseturist er du godt sikra i lovverket, seier Mathieu Veulemans fungerande leiar i Forbrukar Europa.
Endring før reisa
Pakkereiselova gjeld om du kjøper ei reise som inneheld minst to av desse tre elementa: Transport, innkvartering og/eller
eit arrangement. Turen må også vare meir enn 24 timar. Vidare må tenestene marknadsførast eller seljast samla.
- Vi har sett at internettselskap sel flyreiser og hotell med samla pris, men skriv i vilkåra at dei er selde separat. Det er ikkje etter lova, seier fungerande leiar Mathieu Veulemans
Ei pakkereise gjev deg rettar du elles ikkje har. Du har rett til å avbestille innan 42 dagar før reisa, mot at du betaler eit gebyr på 300 kroner. Dess nærare du er avreisedato, dess meir må du betale for å avbestille. Sjølv om du har avbestillingsrett kan det løne seg med ei avbestillingsforsikring mot for eksempel sjukdom. Turoperatøren skal tilby ei slik forsikring.
Om Utanriksdepartementet frarår deg å reise til feriestaden grunna ei naturkatastrofe eller krigstilstand kan du avbestille vederlagsfritt. Du kan uansett overføre reisa din til andre.
- Men arrangøren kan også avlyse, og endre prisen opptil 10 % innan 20 dagar før du skal reise, så lenge det er opplyst på førehand, seier Mathieu Veulemans
Rettar undervegs
Arrangøren har ansvar for at reisa blir gjennomført. Under flyreisa gjeld dei vanlege rettane som mat og liknande ved forseinkingar.
Når du kjem fram har du rett på at hotellet skal være slik reklamen lover i reisekatalogen. Treng du visum skal selskapet
seie frå om dette, men gyldig pass må du ordne med sjølv.
- Pakkereiselova er slik at den kan gje kompensasjon for øydelagt ferie, sjølv om du ikkje har noko direkte økonomisk tap, seier den fungerande leiaren.
Det tyder at om det ikkje er opplyst at hotellet er en byggjeplass, eller at det likevel ikkje var basseng, kan du få prisavslag.
Alt inkludert
I gamle dagar var det noko som heitte heilpensjon. Det tydde at du fekk frukost, lunsj og middag på hotellet. Drikke måtte
du vanlegvis betale sjølv, så truleg har mykje klorreinsa vatn gått ned på høgkant hos tørste nordmenn. I dag har du noko
som kallast ”All-inclusive”, eller Alt inkludert på godt norsk. Kva som ligg i dette er ikkje alltid klart, og mykje handlar
om kva selskapet lover deg. Vi har gjort ei lita undersøking blant dei mange tilboda. Her er punkt du bør sjekke ut:
•Kvar kan du ete? Berre frå hotellet sin matsal eller også frå andre søsterhotell sine spisestader.
•Når kan du ete? Berre til fastsette tider rundt frukost, lunsj og middag eller til full tilgang på kaker, iskrem og frukt
heile tida, kanskje til og med nattmat og romservice.
•Kva kan du ete? Er valet buffet til alacarte til alle måltid? Er det kaker og frukt som mellommåltid? Er det iskremmaskin
kun for borna eller for alle? Er det varm lunsj og gourmet middag utan å betale ekstra?Ekstrabetaling (Cover-charge) for særskilte
tilbod er ikkje uvanleg.
•Kva kan du drikke? Er drikke ikkje inkludert (kanskje sjølv vatn!)? Er alt inkludert som kaffe/te, brus, saft, øl, vin og
sprit?
Ein god peikepinne er kor mange stjerner hotellet har. Dess flere stjerner dess betre tilbod og service kan du vente deg.
- Som oftast må du betale ekstra for å få det som du vil, difor er forvirringa stor. Sjølv om du trur alt er inkludert heile døgnet, kan du likevel ende opp med å måtte betale for ein god del. Difor er det verdt å sjekke nøye kva som ligg i omgrepet alt inkludert på førehand, seier fungerande leiar Mathieu Veulemans ved Forbrukar Europa
Sjå etter Reisegaranti-logoen
Om turoperatøren går konkurs medan du er i utlandet kan det lett bli temmeleg keisamt. Får ikkje hotellet eller flyet pengane sine vil dei kunne kaste deg ut. For å sikre deg som pakkereiseturist er det oppretta eit eige fond slik at du er sikra transporten heim. Sjå dirfor etter logoen til Reisegarantifondet. Alle som sel pakkereiser i Noreg skal være med i fondet.
Klag til pakkereisenemnda
Du kan klage til pakkereisenemnda om du ikkje får det du meiner du har rett på etter pakkereiselova eller etter informasjonen
du fekk som gjorde at du valde turen.
Hugs at du alltid må klage på staden slik at turoperatøren har sjansen til å gjere opp for seg der. Du kunne til dømes fått eit nytt rom som var stillare, eller fått ordnet den maten eller drikka du bestilte gjennom alt inkludert. Gjer du ikkje dette kan du miste rettane dine. Husk å klage skriftleg. Ein e-post er nok.
Enkle råd for ein avslappa ferie
Sjølv om det finst klageordningar, er det lettast om du slepp å bruke dei. Vi har laga ei kort hugseliste slik at du unngår
å få problem:
•Set deg nøye inn i kva brosjyren seier og kva som meinast med alt inkludert før du bestiller.
•Klag til reiseoperatøren på staden – dei må ha sjansen til å rette problemet.
•Sjå etter logoen til Reisegarantifondet – og du er sikra ved konkurs
- Følgjer du våre enkle råd vil du unngå dei vanligaste feila og spare deg for unødig frustrasjon slik at du kan konsentrere
deg om å nyte ferien og slappe av, seier fungerande fungerande leiar Matheiu Veulemans i Forbrukar Europa
Kilde: Forbrukar Europa, som ønskjer alle ei god reise!


































