
Nyttige tips om reiseforsikring
Når du skal ut og reise anbefaler Forbrukarrådet ei reiseforsikring
Ingen likar ubehagelege overraskingar i ferien. Tjuveri, bilhavari og sjukdom passar aldri, og særleg ikkje når ein er i utlandet. Folk flest forsikrar seg, men du lurer kanskje på kva du eigentleg treng? Og korleis får du den beste forsikringa? Forbrukarrådet gjer deg dei gode råda.
Sikring av reisa
Når du skal ut og reise anbefaler Forbrukarrådet ei reiseforsikring. Spørsmål er hvem man skal velge og hva man skal velge.
Forsikring er et personlig kjøp, derfor må du kartlegge dine behov.
- Med Finansportalen på nett er det ei enkel sak å velje forsikring, seier fungerande leiar Mathieu Veulemans ved Forbrukar Europa for Forbrukarrådet. Der vil du finne vilkår og prisar på forskjellige forsikringar.
Sjekk pris på Gouda Reiseforsikring
Dersom du har gamle foreldre heime, treng du kanskje ei forsikring som gir fri heimreise viss mor, eller far blir alvorleg sjuke. Det kan også vere smart å velje eit selskap som via ein døgnopen nødtelefon eller representantar på reisemålet, tilbyr hjelp når ulykka er ute. På finansportalen finn du all den hjelp du treng.
Det er også laga ei forbrukarvennleg klageordning. Får du ikkje det du har krav på når skaden er skjedd, kan du klage gratis til finansklagenemnda.
Tapt bagasje og helsekort.
Før du kjøper reiseforsikring bør du tenkje over kva du treng. Det er ein forskjell om du skal på langvarig reise i India,
eller ein kjapp tur til Stockholm. For ei reise langt vekk treng du ei omfattende reiseforsikring, mens for ein kort helgetur
treng du kanskje ikkje nokon. Visse ting er du nemleg automatisk ”forsikra” mot gjennom lover og avtaler:
- Hugs at du har rett til å få dekka utgifter i samband med tapt bagasje eller forsinka bagasje når du flyr, seier Mathieu Veulemans.
Montrealkonvensjonen gjeld for flyreiser hele verda. Du får erstatta tapt bagasje etter litermål, så hugs å ha forsikring for dyre gjenstandar. Ved sida av det får ein dekka nødvendigheitsartiklar som toalettsaker dersom kofferten er på avvegar.
Skal du reise i EØS/EU-området treng du heller ikkje forsikring mot sjukehusutgifter som medlem av folketrygda. Som EØS-borgar vil du har rett på den hjelpa som vertslandet tilbyr sine eigne borgarar med eit bevis på at du er folketrygdmedlem. Kortet som beviser det får du ved å kontakte HELFO. Der kan du også sjekke om hvor langt hjelpa strekkjer seg.
Sjekk om du har reiseforsikring
Før du kjøper ei reiseforsikring bør du også sjekke om du allereie har det. Nyttar du kredittkort ved kjøp av reisa vil det
i dei fleste tilfelle ein reiseforsikring vere inkludert. Det lønner seg å sjekke kortvilkåra.
Ved å bruke kredittkortet vil du gjennom Finansavtalelova ha rett til å få dekka reklamasjonar på eit kjøp, dersom seljar ikke gjer opp for seg. Det er også ei form for forsikring, sjølv om det ikkje hjelper deg mot tjuveri eller uhell. Nokre fagforeininger har også obligatorisk reiseforsikring, så sjekk med lønnslippen, eller fagforeiningskontigenten.
- Følgjer du disse råda vil du kunne ta ferie med godt samvit, seier fungerande leiar i Forbrukar Europa Matheiu Veulemans for Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet ønskjer alle ein god tur!
Kilde: forbrukerombudet.no
Forbrukarrådet er størst på gratis rettshjelp til forbrukarane i Noreg. Treng du råd og rettleiing sjekk ut www.forbrukerportalen.no eller du kan ringje forbrukartelefonen på 03737. Følg oss på facebook og twitter for gode råd i sommarvarmen.








































